Tilbake
Magikon/Bjørn R. Lie
Magikon/Bjørn R. Lie
Foto: Svein Størksen
PE
Foto Christine Martini
Skriv ut

To hundre og sekstini dagar

I denne førestillinga vil forfattar Roald Kaldestad og musikar Roy Ole Førland formidle To hundre og sekstini dagar med bilete og musikk. Boka handlar om venskapet mellom to små ungar, ein gut og ei jente, og tankane til guten når jenta flytter. Regnet og saknet er gjennomgangstema.

Lærerveiledning

Velkomen inn i ei billedbok!

Biletboka To hundre og sekstini dagar er ei vakker og poetisk førestilling til refleksjon og ettertanke. Bjørn Rune Lie sine illustrasjonar vert vist på storskjerm, og det blir opplesing, musikk og lydkulissar. Ei slags live lydbok, med andre ord. 

To hundre og sekstini dagar med regn.
Han ser lauvet falla som kalenderark frå trea.
To hundre og sekstini dagar.
Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.

*

« … ei nydeleg og litt trist forteljing om venskap. Om det å oppleva at bestevennen flytter, om historia dei har hatt i lag og om saknet og lengta og om regn. Masse regn. Og eit nytt håp. … Biletboka er vakkert illustrert der gråblått og raudt er hovudfarger.»  Camilla Ruhs, Pirion

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Turnéorganisasjonen
  • Kunstnere/grupper: Kaldestad/Førland
  • Produsent: Widar Aspeli
  • I samarbeid med: Støttet av DKS hordaland og Litteraturbruket.
  • Idé/opplegg: KALDESTAD/FØRLAND

Om kunstner / utøver / gruppe

Roald Kaldestad  debuterte som forfattar i 2000 med barneboka Heavykatten, Dicscodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Kaldestad er også musikar; han spelar gitar, laud, banjo og mandolin. Gjennom åra har han spela med Sigrid Moldestad, Magnet, Odd Nordstoga og Bare Egil Spellemannslag, i tillegg til tjue års fartstid som lyrisk tenor i Storm Weather Shanty Choir. Han har også laga/produsert og turnert med fleire førestillingar for DKS/Rikskonsertane dei siste sju åra. Dei siste sju åra har han vore kunstarisk leiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Han jobbar som musikar og musikklærar i Bergen, og spelar med Lindy-Fay Hella, Heidi Marie Vestrheim, Hei Kalas, A Boy Named Sue. Roy Ole har brei erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane; HeavykattenTo Hundre og sekstini Dagar, HaikutronicsTimeFrå Hauge til HaikuHar du hørt det? og Hei Kalas.

Bjørn Rune Lie er en norsk illustratør og barnebokforfatter.Han er utdannet ved Falmouth College of Arts i Falmouth helt sørvest i England i 2001. Han har siden jobbet som frilans illustratør i Norge og England og utgitt to bildebøker med egen tekst og egne illustrasjoner.