Turnéorganisasjonen
Postadresse: Just Brochs gt. 13, 2321 Hamar
Besøksadresse: Just Brochs gt. 13, 2321 Hamar
Telefon: 62 59 87 87 • Nettsted: www.turneorg.no
Det som ikkje er sant
Produksjonsliste
Program

Det som ikkje er sant

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Dere får besøk av forfatter Magnhild Bruheim. Utgangspunkter boka Det som er sant, som handlar om kor vanskeleg det kan vera å skilje mellom kva som er sant, og kva som er rykte. Her blir vennskap sett på harde prøver når ord står mot ord om kva som har skjedd på ein fest. Hør på PODCASTEN, så møter dere Magnhild før hun kommer på besøk.

Lærerveiledning

Forfattaren vil lesa frå boka og drøfte problemstillingar som den tar opp, som skuldingar om valdtekt, vennskap og ryktespreiing på sosiale medium. Vidare vil ho snakke om dei andre ungdomsbøkene, ein spenningsserie om venninnene Bente og Kami.

Å dikte er å skrive om det som ikkje er sant, fiksjonen. Men den oppdikta historia bør likevel vera truverdig og gjenkjenneleg for den som les, på den måten at det liknar på det som er sant.

Kva vil det seia å dikte, å laga historier? Korleis skape spenning? Korleis er skriveprosessen frå ide til bok?

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Turnéorganisasjonen
  • Kunstnere/grupper: Magnhild Bruheim
  • Produsent: hos ToH: Widar Aspeli
  • Idé/opplegg: Magnhild Bruheim

    PODCASTEN:

    • Intervju ved Kirsti Høiholt-Vågsnes, 10. klasse, Åretta ungdomsskole
    • Dramatisering ved Martin Steinum Brun (forteller), Julie Garmo (Linn), Madeleine Hallingrød Mølmen (Solveig), Mina Letrud (Hanna), Vinstra vidaregåande skole, linje for musikk, dans, drama.

Om kunstner / utøver / gruppe

Magnhild Bruheim debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom.

I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007), På flukt (2010) og Blod på hendene (2011) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar.

Ungdomsboka Det som er sant (2013) tar opp problemet kven ein skal tru på når eit rykte går. 

Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.


Medvirkende

  • Magnhild Bruheim
  • Magnhild Bruheim (Forfatter)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Magnhild Bruheim
Foto: Gudmund Moren
Det som er sant
Foto: Magnhild Bruheim/Samlaget

Video/Lyd

Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: 10 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
45 minutter
Maks publikumsantall
30
Arena / rom
Klasserom
Merknad
Magnhild Bruheim tar kontakt med skolens kulturkontakt i god tid før besøket. Kulturkontakten på skolen har ansvar for å vidareformidle nødvendig informasjon til dei respektive klassane, og ser til at forfattaren blir tatt vel imot!

Vi gjør spesielt oppmerksom på PODCASTEN som introduserer forfatterbesøket - se under video/lyd!

Lykke til med besøket!

Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Turnéorganisasjonen
Produsent:
hos ToH: Widar Aspeli
Medvirkende
  • Magnhild Bruheim (Forfatter)